Freistande raude Tranebær! illustrasjonsfoto.

Tranebær – ein ukjend ressurs ?

Publisert av: May Britt Meland
5/10/2020 20:44

Kanskje har lesarar av “Tysnesingen” fått auga på desse lysande, raude bæra når ein ferdast på myrar i skog og mark. Eldre folk kallar dei for myrabær, og ein må somme tider bokstaveleg tala grava dei opp av mosen.

Somme tranebær er raude som tytebær, medan andre er meir burgunderraude / melerte og går i eit med mosen , slik at dei er vanskelege å sjå. Det tar difor tid å plukka tranebær.

Ta dei med heim, reinska dei og skyl dei med kaldt vatn for å få vekk myrsmaken. Dei kan godt frysast ned før du kokar dei, då blir dei mindre bitre. På nettet finn ein gode oppskrifter på syltetøy. Ein kan tildømes blanda dei med Aromaeple og sitron. Smakar nydeleg til hjortesteiken, eller på gode ostar som Brie eller Blåmuggost.

God appetitt!

Tekst og foto i artikkel: Bjørg Espevik