Flott strikkedugnad

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/12/2020 08:48

Innsamling av tepper, sokker og huer til Nepal

Mange tok oppfordringa om å strikke tepper, sokker og huer til sjukehuset i Nepal.

No står det berre att å takka alle flittige strikkere som har gjort ein stor innsats for dei små nyfødte på sjukehuset i Nepal.

Eit flott resultat: No kan me senda avgarde 41 tepper, 51 par sokker og 118 huer.

Tysnes Normisjon og Tysnes Bygdekvinnelag takker mykje for flott innsats.

Gevinstane til utlodning for Normisjonen

 

Basaren til Normisjonen kunne ikkje gjennomførast som vanleg i år, på grunn av smitteverntiltak. Tirsdag 8. desember vart dei fine gevinstane trekt.

Mvh Jorunn Støle Bjordal.