Årsmøte i Tysnes Symjeklubb

Publisert av: Vegard Aslaksen
11/1/2019 17:13

Styret kallar inn til Årsmøte i Tysnes Symjeklubb

Fredag 18.01.19 kl 1800 i Njordstø – klubbhuset til Båtlaget Njord Tysnes i Peralio, Vee – Våge.

I tillegg til vanlege årsmøtesaker skal det drøftast om klubben skal fusjonere/slå seg saman med Båtlaget Njord/Tysnes.

Dette er eit stort sprang som me meiner at alle med interesse for Tysnes Symjeklubb bør få informasjon om, samt å kunna ta del i diskusjonen.

Vi håper alle interesserte vil stille. Det er ikkje eit krav at ein er betalande medlem for å væra med på møte, men ikkje betalande frammøtte har ikkje stemmerett.

Vel møtt – Styret.