Publisert av:
14/3/2014 09:18
Trafikkulykke
Like før klokka to natt til fredag 14. mars kom det inn melding til naudetatane om ein bil som var hamna på taket. Det var to personar i bilen, ein mann og ei kvinne. Politiet opplyser at begge blei sett til av ambulansepersonell på staden. Det er meldt om smerter i nakke og skulder, men personane skal ikkje vere alvorleg skadde.