Oppheva – Totalforbod mot open eld i Tysnes kommune

Publisert av: May Britt Meland
9/6/2021 19:29

Oppdatering frå brannsjef Torfinn Kongsvik fredag 11.juni

-Då er beredskapen i regionen attande på eit normalt nivå og det er komen litt regn. Med det som bakgrunn opphevar ein no totalforbodet mot open eld i Tysnes kommune. Brannsjef understrekar at det generelle bålforbodet gjelder og ein oppmoder alle til å vere forsiktig med open eld, sjå elles kommunen sin heimesider for meir informasjon.

Brannsjef Torfinn Kongsvik melder i dag ( 9/6) til Tysnesingen.no fylgjande:

Med heimel i brannforebyggjandeforskrift § 3 innfører brannsjefen totalforbod mot open eld i Tysnes
Kommune frå i dag 09.06.2021.

Årsaka er tredelt – Skogbrannindeksen er på oransje nivå og det er stor fare for brann. Terreng ,
vegetasjon og busetnad gjer at ein brann kan ha stort skadepotensiale i Tysnes Kommune. Det pågår
samstundes ressurskrevjande hendingar som gjer at beredskapskapasiteten i regionen er strekt langt.
Forbodet gjeld inntil vidare.

For generelle regalar for bålbrenning utanfor totalforbodsperioden sjå kommunen sine heimesider.