Morten Abel på Mandelhuset. UTSOLGT!

Publisert av: Martha Nygård Lande
4/7/2020 14:02

Torsdag 23. juli kjem Morten Abel og held utekonsert på Mandelhuset.

Dersom du vil ha billetter til konserten, må du vera snar, seier dagleg leiar på Mandelhuset, Patrick Russel Madsen. Billettane vart lagt ut klokka 12.00 i dag, laurdag 4.juli, og over halvparten er allereie solgt.

Med seg har Abel Thomas Gallatin, som vert beskrive som ein multiinstrumentalist. Dei vil saman ta for seg låtar frå heile Abel si karriere. Morten Abel, som etterkvart har over 40 års erfaring i musikkbransjen, både som låtskrivar og artist, er ein av dei beste i landet til å formidle, og skuffar aldri på scenen. Han har over 600 000 solgte album, og er som ein institusjon å rekne i norsk musikkliv.

I tillegg til gode og kjente låtar, kan ein ikkje sjå bort i frå at ei og anna overrasking vil dukke opp.

Hugs å kle deg etter været, sidan dette er ein utekonsert.