Torsdagstur til Ramsdalen

Publisert av: May Britt Meland
5/6/2026 12:28

Torsdag 4. juni trassa 8 ivrige turgåarar bygevêr og glatt føre på tur frå Flakkavågen til Ramsdalen. Etter imponerande balansekunst langs den smale stigen langs Ramsdalsvatnet nådde me målet. Den gamle husmannsplassen viste tydeleg at det hadde vore folk her før oss.

Naturen gjev oss heilt spektakulære opplevingar på denne tida: Fuglane syng, fisken vakar, blomane blømer, bakkar og tre er gnistrande grøne.

Sjølv om musklar får køyrd seg og knea knirkar litt, så byter me ikkje desse flotte turane mot noko anna.