Her vert elva demma opp.

Fanga småaure med hendene

Publisert av: May Britt Meland
17/10/2020 12:46

7. klasse var torsdag, 15. oktober, på tur til Tverrelva ved Gjerstadstølen for å prøve å fange små aure med hendene. Det er ein aktivitet som mellomtrinnet med jamne mellomrom har gjennomført om hausten. Det er ikkje kvart år ein kan få det til, for forholda må vera rette når auren kjem opp i elva.

 

Fisk fanga med hendene!

 

Denne veka var det passeleg med vatn slik at ein kunne få demme opp. Med mindre vatn nedover vart det lettare å få auge på auren.
Det var ikkje så mange fisk som vart tatt denne gongen, men dei fleste fekk sjå den.

 

Hentar torv for å demme opp elva.

 

Jakta på fisk er i gong!

 

Ein liten aure.

 

Ein kjekk dag i eit strålande haustvêr! Me er heldige som har denne flotte naturen på Tysnes, og denne dagen var det ein super læringsarena for elevane.

Området ved Tverrelva.

 

Grilling av pinnebrød og fisk.

 

Nydeleg natur på Gjerstadstølen.

 

Tekst og foto: Kari Lande, Tysnes skule