Publisert av:
25/3/2012 07:39
Torsdagstur til Laukhamar
Fyrst ein fin tur langs stranda, og så til betasuppe og omvisning på nybygget til Sissel og Ottar.
Det er imponerande kva dei har fått til, og vel verd eit besøk. Lyse og trivelege lokale og snart ferdige overnattingsplassar.
Utsikta må heller ikkje gløymast – den er magisk.
Og for turfolk og turistar: Her kan ein bada heile året! Berre gjer som Vibeke – hugs ullhatten!