Foto: Tysnes brann og redning

Brann i hus i Uggdalsdalen

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/5/2020 22:42

Klokka 19.31 melde 110 Hordaland på Twitter at det var brann i eit hus i Uggdal.

På grunn av ei gassflaske i huset, vart det evakuert 250 meter ned til hovedveg.

Bergens Tidende skriv og at taket på huset har kollapsa, og at brannen har blussa opp, men at det ikkje er fare for at det skal spre seg til andre bygningar.

Dei fire som  bur i huset er tilsett av ambulansepersonell, men er ikkje skada, opplyser politiet