Tøft for J13

Publisert av:
30/11/2008 15:43

Tysnes hadde ingenting å stilla opp med mot eit godt og jamnt Odda-lag.

Det ville seg ikkje for Tysnes før pause. Heile fyrsteomgongen gjekk utan at tysnesingane klarte å scora.

Til gjengjeld fekk Odda til alt og gjekk til pause med heile 15-0 leiing.

Etter kvilen betra det seg ein del for heimelaget. Hanne Berggreen frå kant og Celine Skorpen frå backposisjon fekk inn nokre flotte fulltreffarar.

Løpet var imidlertid køyrt og Odda fossa fram til 30-7 siger. Men ein mykje betre 2.omgong av Tysnes!

Celine Skorpen (2 mål), Hanne Berggreen (4) og Rebekka Instøy Dalland var målscorarar.