To omkomne i brann

Publisert av:
30/8/2009 08:21

Brannen vart meldt litt før klokka 0500 i dag tidleg.

– Det er ei campingvogn med fortelt/spikertelt som er nedbrent. Det er funne to personar omkomne, opplyser lensmann Lorentz Lunde til Tysnesingen.

– Dei to omkomne er ikkje identifisert, men pårørande til dei som eig campingvogna er kontakta. Det vil bli gjort identifisering i morgon eller tysdag, seier lensmannen.

Dei har vitne frå naboar på campingplassen. Kriseteam i Tysnes og den andre kommunen er kobla inn.