Foto: Sommerles.no

Sommerleskampanjen snart i gang

Publisert av: Martha Nygård Lande
27/5/2020 16:20

Frå 1. juni til 31. august kan elevar frå 1. til 7. klasse være med på lesekampanje.

Tysnes Folkebibliotek melder på si nettside at årets Sommerles snart starter.

Sommerles er ein digital lesekampanje, der ein skal registrere alle bøker ein les, eller høyrer, i tidsrommet 1. juni til 31. august.

Du får poeng for kvar bok du les, og kan gå opp i Level. Alle slags bøker kan lesast og registrerast, både vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller at nokon les høgt for deg. I løpet av sommaren kan du hente deg ein premie på biblioteket, og du får i tillegg eit digitalt trofè til profilen din på nettsida.

På Sommarles.no kan du lese Sommerlesforteljinga av forfatter Mari Moen Holsve, og få lesetips, løyse oppgåver og følge med på kva vennane dine les.

 

Foto: Sommerles.no

 

 

Høyres dette spennande og kjekt ut?

Her kan du lese meir om Sommerles kampanjen, og korleis du melder deg på.