Publisert av: Martha Nygård Lande
10/9/2024 09:02
Tirsdags”feiden” i strålande vær
Tirsdags”feiden” nr 12 vart spelt torsdag 5. september.
13 stykker stilte til start i sommarvarmen, fordelt på 6 lag. Det vart spelt Tysnes Golfklubb sin populære eigenlaga parspel-variant, med 6 hol golf scramble, 6 hol pitch & putt scramble og 6 hol putting.
Beste lag, netto slag, vart Helge L og Arne med godt spel gjennom heile runden.
Tirsdags”feiden” nr 13 med 9 hols golf, frontnine, og nr 14 pitch & putt, 18 hol er neste post på programmet. Grunna stadig skiftande meldingar om vær og nedbør, blir det spel når det passar for den enkelte.
Les meir her; Tysnes Golfklubb.