Tilskot frå NVE
25/1/2013 13:28
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har tildelt 120 millionar kroner til dei 25 nettselskapa som har høgast nettleige. Selskapa sine 89 342 kundar får i gjennomsnitt redusert nettleiga med 6,9 øre/kWh.
Det høgaste tilskotet 22,45 øre/kWh, får Tysnes Kraftlag SA. Etter tilskotet betalar kundane i Tysnes ei nettleige på 55 øre/kWh, medan prisen på landsbasis ligg rundt 40 øre/kWh.
Tilskotet er tildelt av Stortinget for å redusere nettleiga i områder av landet der forsyningstilhøva er vanskelege og nettleiga høg. Dei viktigaste årsakane til høg nettleige er stor avstand mellom abbonentane og vanskelege geografiske tilhøve som påfører nettselskapa høge kostnader til investeringar og vedlikehald av nettet.
Om ein samanliknar tal på på NVE sine sider (www.nve.no), ser ein at tilskotet til Tysnes Kraftlag SA for 2013 er noko lågare enn for 2012.
Tilskotet for 2013 er fordelt på 25 nettselskap med tilsaman 89 342 kundar. Tysnes Kraftlag SA får 9,2 millioner i tilskot noko som utgjer 22,45 øre/kWh.
Tilskotet for 2012 vart fordelt på 31 nettselskap med tilsaman 102 500 kundar. Tysnes Kraftlag SA fekk 9,7 millionar i tilskot noko som utgjorde 23,57 øre/kWh.