Tilbod til aktive seniorar

Publisert av: May Britt Meland
27/8/2026 12:47

Fysioterapitenesta startar ny treningsgruppe for aktive seniorar i haust

Fysioterapitenesta inviterer personar over 65 år med god funksjon til å bli med i ei ny treningsgruppe på Onartrim.

Eit tilbod inspirert av Aktiv Senior 65+

Den nye gruppa er inspirert av Aktiv Senior 65+ frå Stord kommune. Du kan lese meir om opplegget på Stord kommune si informasjonsside om Aktiv Senior 65+. Fysioterapitenesta i Tysnes kommune ønsker no å tilby eit liknande opplegg lokalt, med fokus på trygg og tilpassa trening i eit sosialt miljø.

Tilbodet skal bidra til meir rørsle, meistring og sosialt fellesskap for eldre som ønsker å halde seg aktive.

Kven kan delta?

Tilbodet er retta mot eldre med relativt god funksjon som ønsker å trene på treningssenter.
For å delta må ein oppfylle desse kriteria:

  • 65 år eller eldre
  • Kan gå utan ganghjelpemiddel
  • Kan legge seg ned og reise seg opp frå golvet (med eller utan støtte frå gjenstandar)
  • Kan møte til faste treningstider

Dette kan deltakarane forvente

Treningsopplegget går over 12 veker og består av ei kombinasjon av fellestrening og egentrening:

  • Ei treningsøkt i veka på Onartrim, i tillegg til tilrettelagt egentrening heime 1–2 gonger i veka.
  • Trening tilpassa alle nivå, med gradvis progresjon.
  • Rettleiing frå fysioterapeutar gjennom heile perioden.
  • Sosialt fellesskap, både under og etter trening.
  • Moglegheit til å etablere gode rutinar og vanar som støttar ei aktiv og god aldring.
  • Høve til å bli kjent med nye menneske og bygge nettverk.
  • Det blir gjennomført ein individuell kartleggingstime før oppstart og ei avsluttande vurdering etter 12 veker. Det blir kravd eigenandel for fysioterapi desse timane, medan deltaking i treningsgruppa er gratis.

Oppstart: 22. september kl. 10.00.

Målet er å skape eit inkluderande og motiverande treningsmiljø der deltakarane kjenner seg trygge, sett og inspirerte.

Har du lyst til å vere med?

Kjenner du deg igjen i kriteria og ønsker å vere del av ei treningsgruppe som gir både energi og fellesskap? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Påmeldingsfrist er 4. september. 

Ta kontakt med ansvarleg fysioterapeut om du har spørsmål, eller ønsker å melde deg på: Påmeldingsinfo