Mange hadde møtt opp for å få gode råd hos "Barnevakten"

Temakveld med Barnevakten

Publisert av: Vegard Aslaksen
13/9/2019 21:18

F.A.U. ved Tysnes, Uggdal og Onarheim Skule inviterte til temakveld for foreldre i Tysneshallen i går. Temaet for kvelden var å kunna skapa ein positiv mediekvardag for barn og unge.  Det er ei rivande utvikling som foregår på sosiale medier og nettet forøvrig. I ein travel kvardag kan det vera vanskeleg for foreldre, både å halda tritt med denne utviklinga og kunna setja grenser. Korleis kan ein engasjera seg i mediekvardagen? Korleis kan ein lære born og unge å ta smarte val på nett, mobil og i spel?

Til å gi nokre svar på desse spørsmåla hadde Aleksis Lundh frå “Barnevakten” teke turen til Tysnes for dela sine erfaringar og kunnskap på dette området. Han heldt eit engasjerande foredrag på om lag 90 minutt der han  fekk fram både dei negative og positive sidene med mediebruk hos unge. Nokre av råda hans var å ta meir ansvar ved å setja seg godt nok inn i kva borna gjer på nettet og få innblikk korleis språkbruken gjerne er på chat og sosiale media. Sjølv om ein kan begrensa tilgangen til nettet er kanskje det viktigaste å prate med borna om kva som er greit og kva som ikkje er greit. På den måten kan ein bidra til å byggja gode haldningar blant barn og unge.

Etter foredraget overrakte Lea Rehling Qvistgaard blomar til Alexis frå Barnevakten og takka for foredraget. Den ideelle foreldreorganisasjonen “Barnevakten” arbeidar for at born og unge skal kunne bruka media på ein trygg og bevisst måte. Les meir på barnevakten.no