Tap mot Tertnes
6/1/2013 17:55
Laurdag var Tysnes jenter 10 til Åstveithallen. Her skulle dei spela to handballkampar mot Tertnes 1 og Tertnes 2.
I den fyrste kampen vart det tap 10-3. Tertnes leia 5-0 eit stykke ut i 2.omgong. Då hadde Tysnes ein god periode og fekk inn tre mål, og det vart litt spenning i kampen. Men heimelaget hadde eit gir til, og auka på med fem mål heilt på slutten.
I den andre kampen var det mykje jamnare. Tysnes var på hugget og hadde føringa i kampen lenge. Tysnes leia med to mål til det var fem minutt igjen. Men då sette Tertnes inn ein sluttspurt og scora fire mål, slik at dei blåkledde vann med to mål. Sluttresultat 10-8. Men flott innsats av Tysnes-jentene.
Desse var med: Martine Olsen Ludvigsen, Mari Meland, Sarah Folgerø Lavik, Trine Gundersen, Malene Kristine Alsaker, Petra Sløgedal, Solveig Reiso, Karoline Hauge Hansen.