Fem om juleførebuingar del tre

Publisert av: Vegard Aslaksen
20/12/2018 15:40

I dagens “fem om juleførebuingar” har me intervjua sokneprest Marit I. Espedalen, som har teke seg tid til å svara på nokre spørsmål midt i førjulstria.

Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

Den viktigaste juletradisjonen for meg er å lese juleevangeliet, og å komme heim frå arbeid ein kveld like før jul å kjenne lukta av nysteikt roastbeef . Dette fordi den fyrste jula som prestefamilie på Hitra hadde i seg ein slik kveld. Det var islagte vegar og eg skulle vere med på kveldsgudsteneste ein stad langt utanfor allfarveg, turen gjekk i sniglefart saltet frå saltebilen fauk av vegen lenge før det kom nedpå regnet piska. Og då kome heim og bli møtt av juleduft, nysteikt roastbeef , var heilt fantastisk.

Korleis ser menyen for julafta ut heime hos deg?

Menyen på julaftan er svineribbe som Jan Einar på perfekt måte steller i stand kvart år og som nesten er heilt klar når me kjem heim frå kyrkje.
Etterpå er det riskrem og Dronningmaudpudding for dei som klarer å sitje i ro så lenge.

Kva vil du best minnast for året som har gått?

Frå året som er gått vil nok flotte dagar med storfamilien først med 60-årsfeiring på Leos lekeland og seinare med storfamilien i Albir komme høgt på lista. Då fekk eg draumen om å vere sjømannsprest oppfylt for ein dag. Eg fekk vere prest då dattera vår gifte seg i Sjømannskirka i Albir, litt ekstra koselig var det å møte kjente Tysnesingar på stranda .

Kva ynskjer har du for året som kjem?

Ynskjer for året som kjem trur eg må bli at alle har det det bra, at me klarer å møta kvarandre med raushet, interesse og omsorg. At eg må klare å leve i dagen som blir meg til del og ikkje bruke så mykje tid på uro for det eg ikkje kan gjere noko med. Om eg skal ynskje meg ei gåve må det vere at me får starte med bygging av kyrkjelydshus og i det arbeidsrom for trusopplæringa. Så ynskjer eg at alle får gode juledagar og ferdfulle dagar under Guds himmel.