Tysnes Sparebank Foto: Tysnesingen.no

Godt resultat for Tysnes Sparebank

Publisert av: May Britt Meland
16/11/2023 19:48

Pressemelding og kvartalsrapport for Tysnes Sparebank sitt resultat pr. 3. kvartal 2023.

Solid resultatframgang for 3. kvartal 2023

Tysnes Sparebank legg fram rekneskapen for 3. kvartal 2023. Dette syner eit resultat før skatt på 36,5 mill. kr., noko som er 6,7 mill. kr. betre enn same tid i 2022.  Banken har utgiftsført ekstra kostnader i samband med skifte av dataleverandør og kostnader relatert til prosessen med Haugesund Sparebank.

 

«Dette er eit solid resultat for banken, og det stadfester posisjonen vår som lokalbank i regionen. Det er gode medarbeidarar som legg grunnlaget for dette resultatet» uttaler banksjef Dag Sandstå.

 

God vekst i innskot

Til tross for urolege tider ser banken at innskot frå kundar veks. Innskotsdekninga i banken ved utgangen av 3. kvartal er på heile 85 %.

 

Stor pågang til banken

Dei siste månadene har banken opplevd ein stor pågang frå både nye og eksisterande kundar. Utlånsveksten dei siste 12 månadene er på heile 9,5 %, noko som er godt over det som er budsjettert.

 

Tysnes Sparebank fusjonerer og opprettar Sparebankstiftinga Tysnes

Styrene i Tysnes Sparebank og Haugesund Sparebank har vedtatt ein plan for å slå saman bankane. Dette skal handsamast på ekstraordinært møte i forstanderskapet 11. desember i år.

I samband med dette vert det oppretta ei stifting på Tysnes som skal forvalta om lag 150 mill. kr. Avkastninga i stiftinga vil kunna nyttast til utdeling av gåver/støtte til allmennyttige føremål. Det vil bli etablert eige styre for stiftinga i løpet av våren 2024.

«Denne løysinga meiner vi er til det beste for kundar, tilsette, eigarar og ikkje minst lokalsamfunnet» seier banksjefen.