Er du mellom 6 og 100 år, og har ein hårete parykk…

Publisert av: May Britt Meland
11/10/2019 08:15

-Då er du invitert til ein Hårete og blodig bokfest med Ingelin Røssland!

Oppfordringa kjem frå Tysnes Folkebibliotek.

-Ta på deg din mest crazy parykk, kle deg ut som ein blodtørstig vampyr eller kom som deg sjølv!

Det blir opplesing frå bøkene Hårete fakta og Blodige fakta, enkel men blodig servering, premiar til kulaste parykk og mest kreative blodige kostyme, samt høve til å kjøpa signerte bøker, fortel biblioteksjef Mats Løve Gjersvik.