Takk!

Publisert av:
11/8/2012 17:24

MEN, det er ein vesentleg ting som står att etter årets festival:
-Me vil gjera stas på alle dykk som på eine eller andre måten var med å skapa det magiske eventyret Tysnesfest vart!
-Så viss du er ein av dei 500 frivillige som var med å dra lasset bør du lesa invitasjonen under!

Friviljugfest etter Tysnesfest!

Ta med det du ikkje kan gå ut døra uten å ha med, og bli med på friviljugfesten etter Tysnesfest 2012!
Det du treng å veta er:
-Festen blir i Vonheim 1. september klokka 18.30
-Me som arrangerer sørger for at føresetnader for trivsel er tilstades
-Mandelhuset vil levera både mat, reker og salat
-Det vert sal av drikke til både køyrande og passasjerar
-Til maten får alle kvar sine 2 drikkebongar

Det blir eit underhaldningsopplegg med oppsummering av årets festival med både bileter og film!
Dessutan kjem den eneståande Egil Olsen for å spela! Han hadde fleire konsertar i Bermudateltet under Tysnesfest, og har sagt seg viljug til å kasta litt glans over dykk friviljuge denne dagen!

Dette vert heilt sikkert ein rasande kjekk kveld!
NB! Dei under 18 er med fram til klokka 23.00.
Meld deg på til synnve@tysnesfest.no  – eller sms til 90152340.
Påmeldingsfrist: 28. aug.

Velkommen!
Med helsingar frå styret i Tysnesfest