Ta idrettsmerke!

Publisert av:
17/9/2010 18:19

Kvart år etter 1985 har ein fast kjerne av atletar møtt fram så og seia kvar einaste gong og vore ivrige deltakarar. Ein del andre utanom “dei faste” har òg vore med opp gjennom åra.
 
No kan både tidlegare og nye idrettsmerketakarar gjera seg klare til å utfordra krava både i styrke, spenst , uthald og snøggleik. Oppfordringa til nye deltakarar er: Dette bør du prøva deg på.

Det er kjekt å ta idrettsmerket, og ikkje minst er det noko å strekkja seg etter. Bli med då vel!

Fyrste høvet vert onsdag 22. september. Neste gong vert laurdag 25. september.
Sjå stad og tidspunkt på “det skjer”