Svært positivt, og hendelsesrikt, år for fotballklubben Njardar

Publisert av: Martha Nygård Lande
3/11/2024 08:10

Njardar har mange aktive lag, både for jenter og gutar, og dei har vist flotte resultat gjennom året.

Som alltid når ein skal holde på med frivillig arbeid, trengs det engasjerte trenarar, foreldre og andre eldsjeler.

Årets grasrottrenar i Hordaland
I går vart Ronny Hagen kåra til årets grasrottrenar i Hordaland. Ronny er trenar for G12.

Sonesamling
For eit par helger sidan var det sonesamling for gutar og jenter 12 år på Reiso.
Sonesamlinga er for talentfulle gutar og jenter frå Sunnhordland og Hardanger. Njardar har med to jenter, Ellinor Instøy og Frida Skaten, og 2 gutar, Lukas Nesse og Olai Dalen Hagen.

Opprykk
Njardar sitt a-lag avslutta ein strålande sesong med å gå ubeseira gjennom hausten, og frå neste sesong er dei klare for 6.divisjon.

Jubileum
I år feirar klubben 50 år, og dette blir feira i Vonheim 16.11. Sjå her.

Tysnesingen gratulerer!