Suksess med gjenbruksmarknad på Tveit

Publisert av: May Britt Meland
29/6/2025 07:39

Eit arrangement er alltid litt blanda fryd… -Kjem da folk, og vil det bli noko salg? Dette var nok seljarane opptatt og spent på også før dørene skulle opnast.

Det viste det seg òg ikkje vera noko bekymring for,  allerede ti minutter før klokka elleve var det kø utanfor døra. Folk var tidleg ute for og få med seg ein skatt og to. Ein del fekk handla med seg både i ryggsekk og handlenett.
Det var ein god del personar som var innom, (me prøvde og telja men det gjekk i surr..) og seljarane gav tilbakemelding om bra salg og var godt fornøyde.

Celin Røssland var yngste seljarane på markedet. Ho var strålande fornøyd med salget sitt.


Det var også salg av bollar og kaffi, folk tok seg god tid og koste seg rundt bordet.

Takk til alle som tok turen og handla, og til seljarane som hadde laga flotte stand.

Ein suksessfull gjennbruksmarknad vart det, og det er allerede ein ny i planlegging.

Tekst/foto: Anne Langeland