Julequiz del 7

Publisert av: Nicholas Kleppe
29/12/2019 07:58

I dag er siste dagen med julequiz, så no er det berre å gje alt i dei tre siste spørsmåla.

Spørsmål 19
I kva for eit evangelium kan ein lesa juleevangeliet?

Spørsmål 20

Kva gud kjem namnet Tysnes frå, og kva for ein gud var han?

Spørsmål 21
På appen “Snapchat” er det mogeleg å senda “snapper” til kvarandre. Kva heiter det når du og ein venn har sendt ein “snap” til kvarandre, innan 24 timar, i over tre dagar i strekk?


Svara frå alle dagane samlar du i ein e-post og sender til post@tysnesingen.no søndag 29/12 innan klokka 23.00.

Hugs å skriv namn og telefonnummer.