Strikkekafè på Kompasset

Publisert av: Martha Nygård Lande
22/10/2018 21:49

Kvar mandag sidan 3. september har ein gjeng møtst på Kompasset for å delta på strikkekafè. For kun 50 kroner kan ein få kaffi og kaffimat, og av og til vera med på utlodning. I dei koselege lokala strikker og heklar ein, og utvekslar erfaringer.

Denne mandagen var det også utlodning av garn og mønster til hjertevotter, og vinner denne gangen vart Margunn.

Ideen kom frå Anne Opedal som kontakta Marianne Elgsås om strikkekafè på Kompasset, og den vart så godt mottatt at det raskt vart ein realitet. Ho fekk ideen frå Ullkroken på Stord, som har eit liknande konsept. Det varierer frå 5-15 deltakarar frå gong til gong, og dei ynskjer fleire hjarteleg velkomen. Det er ikkje eit absolutt krav at ein kan strikka eller hekla, det er fullt mogeleg å få lært seg nokon triks.

Deltakarane strikkar til seg sjølv. Det sosiale er ein stor motivasjon, og på denne tida av året med mørke kveldar og ofte dårleg vêr, er det godt å få litt stoveforandring.

På Kompasset er det også mogeleg å få seg eit måltid frå ein, etterkvart, stor meny. Det er faktisk også mogeleg å få seg eit glas vin dersom lysten skulle vera der. Denne mandagen var det ingen menn som stilte, og oppfordringa er at menn også kan ta med seg strikketøyet og delta. Ein god anledning for å overraske kone og barn med ei fin julegåve.

Ta med strikketøyet mandager mellom klokka 18 -21, og du vil garantert få deg ein koseleg kveld.

 

Foto: Marianne Elgsås, Johnny Helgesen