Straumpris

Publisert av:
24/2/2010 11:18

Først Nettleiga,

Dette er det ein må betale for at me skal ha linenettet til å transportere krafta fram til kvar forbrukar.

Hjå oss er denne lågare enn det som ho elles ville vore om ikkje ein hadde fått støtte på 7,5 millionar kroner frå stat og ei ytterlegare støtte på 1,5 millionar frå etterbetaling/kjøpeutbyte som medlemene vil vedta på årsmøta.

Dette fører til at om lag 40% av nettleiga er støtte.

Vi synest dette er rett sidan nettleiga til forbrukar då vert om lag som i områda rundt oss, men vi veit ikkje om denne støtta vil komme til neste år då dette er politiske vedtak kvart år.

Nettleiga vert ikkje påverka av høg kraftpris eller lite vatn i kraftmagasina men er sett utifrå kva det kostar å byggje, vedlikehalde og drifte nettet.

 

Så Kraftpris.

Tysnes Kraftlag leverer Tysneskraft, det er formidling av kraft der prisen vert fastsett av kraftmarknaden (spotpris) med eit påslag, som dekkjer  kostnaden med formidling.

Tysneskraft som vi tilbyr og som flest Tysnesingar har, er eit spotprodukt, dette vil sei at når prisen her er ca 65 øre/kwh mot ca 128 øre/kwh i Oslo (tall frå 230210 med mva) vil Tysnesingane betale 65 Øre/kwh denne dagen.

I tillegg vil dei som kjøpte Tysneskraft med Tak berre betale 45 øre/kwh då dei kjøpte forsikring som stoppa prisen for å gå over dette nivået. Dette tilbodet gav  me i september til alle kundane våre.

Taket tilbyr me ein gong i året og når me får tilbakemelding om kor mange som ynskjer å kjøpe taket  handlar me inn denne forsikringa til desse.

 

Kva skal du gjere no om kraftprisen vert høg?

Media presenterer ofte den høgast prisen ein time i høgaste tilfelle, sidan dette er ein børs med ny pris kvar time vil det vere slik at snittprisen er lågare enn den høgaste prisen i døgnet.

Våre prognosar viser at prisen ikkje skal bli urimeleg høg men dette kan påverkast av at Statnett lagar til prisområde for Bergen som også omfattar oss, eller om det skulle bli eit tørrår med lite vatn i magasina eller at linenettet ikkje klarer å overføre nok straum om det skulle oppstå feil eller skader. Me er og avhennig av at resten av Europa og spesielt norden produserer nok straum.

 

Det er skjeldent lurt å kjøpe seg eit ”fastprisprodukt” når prisen elles er høg så eg vil anbefale å bruke straum fornuftig og heller vurdere kva type kraftprodukt som passar deg best når det er lite fokus på kraftpris. Har du ”gratis” ved så fyr godt i omnen og nyt ein elles uvanleg og flott vinter.

Det er og smart å lese av målaren ofte og melde målarstanden inn på gratis avlesingstelefon eller internett slik at du får med deg rett forbruk. (Om du sparer straum og ikkje melder inn kor mykje du brukar, ofte, vil me stipulere forbruket ditt mellom kvar avlesing basert på tidlegare forbruk og du får ikkje registrert hurtige variasjonar.) Automatisk avlesingstelefon og internett er open heile døgeret.

Elektrisitet er enno ei trygg og fin oppvarmingskjelde som konkurrerer godt med andre varmekjelder, men hugs at om du tar i bruk nye apparat eller brukar straumen på andre måtar enn vanleg så ver varsam og tenk på brannfaren ved feilbruk eller feil i anlegga.

 

Me har eit robust nok nett til å føre straum inn til Tysnes og ein stabil produksjon frå isbreen Folgefonna gjennom SKL AS så eg håpar alle kan få varme og gode stover resten av vinteren.

Til slutt eit tips til deg som ynskjer ein jamnare kraftpris over året, -påverk politikarar til å vere med å leggje til rette for at det vert bygd betre linenett mellom regionane og til utlandet.