Solid siger på heimebane

Publisert av: May Britt Meland
2/5/2024 09:02

G12 gutane spelte ein flott kamp heime mot Kalandseid Tysdag, 30. april.
Fleire flotte angrep og fine kombinasjoner fram i banen gav dei ivrige gutane ein 6-1 siger.

Olai Meland sparte ikkje på kreftene mot Kalandseid. Han var ein bauta i midtforsvaret og slapp aldri gjestene forbi seg.

-Kva sit best i minnet Olai?
«Dei meinte eg sparka i leggen då det vart frispark, då sa eg det var billig.»