Stort engasjement på Tysnes

Publisert av: May Britt Meland
26/3/2023 12:58

-Vi er heilt overvelda over resultatet av årets Krafttak mot Kreft!
Rannveig Ljostveit Helland og Astrid Nygård er initiativtakarar til den lokale Krafttak mot kreft-aksjonen på Tysnes, og dei kan fortelje at ein totalt fekk inn kr 264 436,-.
1992 turar til Blåbærhaugen ga kr 199 200,-, og loddsal og lynutlodding ga 65 236,-

 

Tross vær og vind var det 1992 turar til Blåbærhaugen. -På denne turen treffer ein berre glade og motiverte folk!

Ei stor takk til alle sponsorane!