Vaksinering, illustrasjonsfoto.

Ventar du på vaksine?

Publisert av: May Britt Meland
15/5/2021 10:41

Tysnes kommune er no nesten ferdig med å tilby fyrste dose for alle over 65 år, samt alle som er vurdert å være i høg risikogruppe 18 – 64 år.

Me ønskjer derfor å komme i kontakt med deg som ikkje har fått tilbod om fyrste dose og er:

  • 65 år eller eldre
  • 18 – 64 år med følgjande alvorlege helsetilstander:
    • Organtransplantasjon
    • Immunsvikt
    • Hematologisk kreftsjukdom siste fem år
    • Anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nylig avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)
    • Nevrologiske sjukdommer eller muskelsykdommer som medfører nedsatt hostekraft eller lungefunksjon (for eks. ALS, cerebral parese og Downs syndrom)
    • Kronisk nyresjukdom og nyresvikt

Korleis ta kontakt

Du bes ta kontakt helst via helsenorge.no – dialogmelding med fastlege.

Alternativt kan du ringe legekontoret på telefon 53 43 70 80

 

Her kan du finne meir informasjon om FHI sin prioriteringsrekkjefølgje.