Nesten 50 menneske var samla i Grendatun på årets basar.

Publisert av: Johnny Helgesen
27/9/2018 10:31

Frivilligsentralen driv Klubb Fritio for psykisk utviklingshemma. Fast innslag på kveldane er ei loddtrekning eller bingo. Denne gongen var det STOR basar og vi hadde fått inn mange gevinstar frå næringslivet på Tysnes i tillegg til gevinstar frå «vener av Fritio».

Mellom trekningane var det sal av HotDog og brus. Kaker og kaffi var «gratis», men oppfordringa om å kjøpa ekstra lodd på boka vart etterkome.

Pengane går til kjøp av utstyr og sponsing av aktivitetar framover.

I alt seks frivillige gjorde ein kjempejobb med kakebakst, sal og rydding. Vi hadde alle ein triveleg kveld.

Tekst og bilder: Per Verner Aase