Stort bidrag til Tysnes-samfunnet

Publisert av: May Britt Meland
14/3/2018 22:18

Tysnes Kraftlag sitt årsmøte 12. mars vedtok å gje totalt kr 650 000,- til 4 ulike aktørar. Midlane skal nyttast til allmennyttige føremål.

Tysnes Ungdomslag får kr 100 000,- i støtte til asfaltering og opprusting rundt ungdomshuset Vonheim i Våge.
Området rundt ungdomshuset er i dag grusa, og ved mykje nedbør tek vatnet med seg grus, og det kjem også vatn inn i ungdomshuset dersom det er ekstrem nedbør. Ungdomslaget vil nytta midlane til å drenra betre rundt huset og rusta opp med asfaltering

Tysnesfest får kr 150 000,- til driftsmidlar til prosjektstilling og administrasjon.
Tysnesfest er ei stifting som engasjerer mange, og som har fått positive tilbakemeldingar på arrangementa sine. Det er eit behov for ressursar til administrasjon for å kunne vidareføre Tysnesfest i åra som kjem.

Jubileumskomiteen for 100 års jubileum Johannes Heggland som arbeider saman med Tysnes kommune får kr 150 000,- i støtte til statue av Johannes Heggland for å markere 100 års dagen for forfatteren.
Det er planlagt ei offisiell feiring og markering i juni 2019, og komiteen ynskjer å føra opp ein statue av Johannes Heggland ved biblioteket og Tysneshallen. Vidar Bratlund Meland frå Os har i samarbeid med familien laga eit utkast til ei statue av Heggland der ein ser forfattaren Johannes sitjande på trappa på Heggland med ei bok attmed.

Båtlaget Njord / Tysnes som har engasjert seg i utvikling av friområde rundt Njordstø / Peralio som og omfattar offentleg badestrand får kr 250 000,- til dette arbeidet.
Båtlaget vil også få på plass eit utvendig toalett, med tilknytta HC rampe, til bruk for ålmenta, i tilknyting til Njordstø. Grøntområdet vil bli beplanta, og laget ynskjer å etablere sittegrupper, oppgradere stupebrett, og bygge grillhytte.