Foto: Mats Løve Gjersvik

Foredrag om veteranbåtar

Publisert av: Dagfinn Sandvik
5/2/2019 10:50

Vel 20 tilhøyrarar fekk sjå ein kunnskapsrik Harald Sætre fortelje om gamle verneverdige fjordabåtar og bilferjer som ein gong gjekk i rutetrafikk på vestlandsfjordane. Mykje takka vere lokale eldsjeler har fleire av desse blitt redda frå kondemnering og har no blitt restaurert. Dette arbeidet er dokumentert av Sætre i den nye boka 61 veteranbåtar på vestlandet. Eit engasjert publikum fekk også høyre om den heller sørgjelege skjebnen til fleire av dei ferjene som ein gong hadde rute til Tysnes.

 

Tekst: Mats Løve Gjersvik