Storsatsing mot ulovleg byggjing

Publisert av:
11/1/2010 17:18

Tysnes kommune er mellom dei som varslar at dei vil søka finna lovbrytarar innafor ulovleg byggjing. Kommunar som Bergen, Kvinnherad, Lindås, Fitjar og Fjell er også av dei som vil jakta på byggjesyndarar i løpet av året. Det er Bergens Tidende som skriv dette.

Tysnes har mellom 200 og 250 mistenkjelege saker som vart avdekka under registreringa av eigedomar i samband med innføring av eigedomsskatten.

– Det er klar politisk vilje til at me skal gjera noko med dei potensielle ulovlegheitane, uttalar rådmann Audun Hovland til Bergens Tidende.