Redningsaksjon

Publisert av: May Britt Meland
29/8/2018 18:30

Ein mindre båt har gått på grunn utanfor Malkenes.

110 sentralen i Hordaland meldte om uhellet ca kl 17.30.

Hovudredningssentralen Sør-Norge skriv på Twitter: «Person i snekke grunnstøtt i området Malkenes. Flere enheter i søk. Søk pågår fra sjøsiden. HRS koordinerer. »

Vest Politidistrikt skriv at ein båt har gått på grunn, og at den ikkje tek inn vatn. Naudetatar og redningsskøyta er på veg til staden.

Funnen av KNM Storm

ca kl 18.30 vart den sakna funnen nord av Bjørnafjorden av KNM STORM. Havaristen fekk sjekk av helsevesenet, og aksjonen vart avslutta.