Store ting

Publisert av: Martha Nygård Lande
18/6/2021 11:21

Forrige veke sendte Vågen AS avgårde ei skikkeleg svær transportskrue.

Børge Pedersen hos Vågen seier dei har bygd om skrua i produksjonslokalet i Våge.

Skrua, som skal nyttast som skipslosser for korn, er 1 meter i diameter, 14meter lang, 9 800kg, og har kapasitet  på 400 000 kg pr. time.

Når transportskrua skulle transporterast til Stavanger, måtte dei ta ferje frå Våge til Halhjem, så til Sandvikvåg, fordi tunnelen i Uggdal vart for lav.