Stord friidrett – Tour de Stord/ Stord rett opp 2016
4/3/2016 11:53
Stord Rett Opp er eit godt innarbeidd motbakkeløp frå Lundsseter til Kattnakken. Dette har i mange år har vore arrangert ein sundag i mai.
Tour de Stord
I 2015 arrangerte Stord friidrett for første gang Tour de Stord som betår av tre løp på ei helg, og der Stord Rett Opp inngår som siste løp.
Tour de Stord blir arrangert også i år, og det blir då eit meir komprimert arrangement som går over to dagar fredag 20. og laurdag 21. mai.
Første løp på ca 1500 m blir på Heiane med start kl 18:00 fredag 20. mai. Her blir det intervallstart.
Andre løp på ca 3000 m startar laurdag 21. mai kl 11:00 og går i Leirvik sentrum. Her blir det jaktstart der tidene frå fredag vert lagt til grunn.
Siste løp Stord Rett Opp som er ca 5000 m med 500 m stigning startar laurdag ettermiddag kl 16:00. Stord Rett Opp har fellesstart, og førstemann og kvinne til toppen er vinnar av løpet.
Vinnar av Tour de Stord blir dei som har best totaltid på alle tre løpa, men det blir også kåra vinnarar i kvart enkelt løp.
Det vert klassar for aktive løparar. I desse klassane vert det pengepremiar til vinnarane. I år vil det likevel bli lagt mest vekt på at dette skal vera eit mosjonsløp og det blir eigne mosjonsklassar der det viktigaste ikkje blir å vinna, men å delta og å fullføra.
Klassar for lag
Nytt av året er klassar for lag der kvart lag består av 3 løparar som spring kvar sin etappe. Denne klassen blir for bedrifter, alle typar lag og organisasjonar, eller for kven som helst som kan samle tre deltakarar.
Det blir flotte deltakarpremiar til alle, og det blir trekning av gavekort i kvar klasse.
Sosial profil
Tour de Stord skal også ha ein sosial profil, og i år vil det bli avslutning med premieutdeling på Frugård/Arena på laurdag kveld.
Etter ein forsiktig start i 2015 har Stord Friidrett fått mange gode tilbakemeldingar både lokalt og frå friidrettsmiljøet i heile landet om at dette er eit interessant løpsopplegg med potensiale til å bli noko mykje større.
Stord Friidrett har ambisjonar om at Tour de Stord skal utvikla til å bli det største løpsarrangementet i Stord og Sunnhordland, og me ønskjer å appellera både til topp og bredde. Me trur klassane for aktive løparar vil trekkja til seg gode løparar frå heile landet, men ikkje minst satsar me på at dette skal vera eit breddearrangement som eignar seg for dei fleste mosjonistar.
Nærare informasjon om arrangementet og om påmelding vil bli å finna på stordfriidrett.no utover våren.
Reidar Nesse
Stord Friidrett