Julequiz del 2

Publisert av: Nicholas Kleppe
24/12/2019 07:58

I dag er sjølve julafta, familien er samla, julemiddagen er snart klar, brettspela er tekne fram og me har tre nye spørsmål.

Spørsmål 4
Kva heiter dei tre vise menn, hellige tre konger, som kom til Betlehem?

Spørsmål 5
På 1100 talet vart det reist ei steinkyrkje på Onarheim. Kva var namnet på denne kyrkja?

Spørsmål 6
Namnet John McClane er assosiert med ein hovudperson, men i kva for film?


Svara frå alle dagane samlar du i ein e-post og sender til post@tysnesingen.no søndag 29/12 innan klokka 23.00.

Hugs å skrive namn og telefonnummer.