Tysnes Sparebank i Våge. Foto: Tysnesingen.no

Stor pågang trass usikre tider

Publisert av: May Britt Meland
19/5/2020 09:01

Resultat før skatt på 4 mill. kr.  i Tysnes Sparebank

Tysnes Sparebank har eit resultat før skatt på 4 mill. kroner for 1. kvartal 2020. Det er 3,8 mill. kr. i lågare enn same kvartal i 2019.

Banken har gått over til ny rekneskapstandard frå inneverande år, noko som mellom anna medfører at avsetningar til mogelege framtidige tap vert auka. I tillegg har banken gjort ekstra tapsavsetjingar relatert til Covid-19 – viruset, og den usikkerhet dette medfører for framtida.

«Tysnes Sparebank er saman med resten av verksemdene i Noreg inne i ei krevjande tid. Kva dei langsiktige konsekvensane kan bli er foreløpig usikkert, difor tek me ei ekstra avsetjing for mogelege framtidige tap i dette kvartalet» seier banksjef Dag Sandstå.

 

Lokalbanken viktigare enn nokon gong

Trass dei usikre tidene som er komne opplever lokalbanken stor pågang, både frå eksisterande og nye kundar. Det er mange som ynskjer å diskutera framtida og korleis ein best kan innrette seg i denne krevjande tida.

«Det beste rådet me har til våre kundar er at ein må ha oversikt over økonomien og ha ein buffer for å møte uforutsette hendingar. Me har stor pågang av kundar frå andre bankar, som no ynskjer møte med engasjerte og lokalkjende rådgjevarar. Det er no det lokale bank-konseptet verkeleg vert sett på prøve» uttalar banksjefen.

 

Forventar redusert vekst i 2020 samanlikna med tidlegare år

Tysnes Sparebank har hatt ein stor vekst dei siste åra. Det er forventa at veksten vert lågare i 2020 samanlikna med tidlegare år grunna utviklinga i den norske økonomien. Det er utfordrande tider for næringslivet, og banken gjer mykje for å finna løysingar til verksemder som vert hardt råka av Covid-19 – situasjonen.

Renta er historisk låg – utlånsrenta i banken er sett ned

Noregs Bank har sett styringsrenta til null. Bankane i Noreg har fulgt etter ved å redusere renta på utlån. Det har også Tysnes Sparebank gjort.

«Det er historisk at lånerenta på bustadlån for unge no er under 2 %. Det vert krevjande å oppretthalde rentemarginen i høve til tidlegare år» seier banksjef Dag Sandstå.

 

Pressemelding frå Tysnes Sparebank