Tysnes Sparebank i Våge. Foto: Tysnesingen.no

Stor interesse for å investere i Tysnes Sparebank

Publisert av: May Britt Meland
15/4/2019 11:31

Solid overteikning i bankens emisjon

Tysnes Sparebank hadde som målsetjing å få inn mellom 40 og 45 millionar kroner i ny eigenkapital. Fristen for å teikna i emisjonen var fredag 12. april. Etter at oppteljinga er ferdig viser det seg at omlag 270 personar og verksemder har teikna seg for heile 55,3 millionar kroner.

«Det er veldig kjekt å oppleva at så mange ynskjer å investera i banken vår, dette er med å sikrar fortsatt god vekst og utvikling» seier banksjef Dag Sandstå.

Emisjonen var ein fortrinnsretta emisjon, det vil sei at dei som hadde eigenkapitalbevis frå før hadde førsterett til å teikna i den nye emisjonen. Svært mange nytta seg av denne mogelegheita.

Banken er notert på Merkur Market

Bankens eigenkapitalbevis er notert på Merkur Market, ein marknadsplass under Oslo Børs. Her vert eigenkapitalbevis omsett og dagleg kurs fastsett. Den 11. april var kursen på eigenkapitalbevisa kr. 113 per bevis. Teikningskursen i emisjonen var på kr. 105.

Avkastning på eigenkapitalbevis

Banken gjorde den første emisjonen i 2015. Etter det har banken heile 3 gonger til gjennomført emisjonar som alle har vorte overteikna.

«Vi er audmjuke over den interessa som investorane har for banken, og vi vil gjera det vi kan for å gje ei god avkastning på investeringa i åra som kjem» seier banksjefen.

Mange lokale investorar

Det er hovudtyngde på lokale investorar som har deltatt i emisjonen. I denne emisjonen er det i tillegg vist interesse frå heile landet for å investere i banken med hovudkontor på Tysnes.