Stor gjensynsglede

Publisert av:
24/11/2014 20:15

Katten vart omtalt hos Tysnesingen.no. Det var effektivt, for eit par dagar seinare, melde eigarane på Dalen i Uggdal seg. Søndag føremiddag kom dei og henta pusen sin, som til då  hadde hatt éi natt med mat og godt stell hos ein snill katteven, og deretter to netter og dagar med god mat og omsorg hos ein  familie like ved.

-Eg har sakna katten min veldig, seier Elise Dalen i det ho klemmer rundt Sara, som katten heiter. Gjensynsgleda er stor. Det har gått  tre veker sidan Sara vart borte, og korleis ho har hamna på Dalland er berre uforståeleg. Det er mange kilometer avstand mellom Dalland og Dalen. Elise og familien er takksam overfor dei som tok seg av Sara, og for hjelpa Tysnesingen.no ytte.

Hans Ole Dalland