I åtte år har montasjen hatt plass i den eine salongen til M/F»Selbjørnsfjord».

Jåttseglarane til M/F «Kommandøren»

Publisert av: Martha Nygård Lande
22/12/2019 08:00

Montasjen om jåttseglarane frå Tysnes er no borte frå salongen i M/F «Selbjørnsfjord».

Dei som har reist med ferja den seinaste tida har truleg registrert at veggen med denne montasjen er tom. Tysdag 10. desember vart nemleg montasjen teken ned av medlemer i Venelaget for jåttseglarane. Fram til M/F «Kommandøren» kjem i drift frå årsskiftet, er montasjen lagra i eit lokale i Våge.

Tysdag 10. desember tok medlemer i Venelaget ned montasjen om jåttseglarane. Det vart også litt tid til ein kopp kaffi, svele og litt drøs. Frå venstre:Hans Ole Dalland, Olav Kalgraf, John Johnsen og Bjørn Helge Epland. Foto: Kjell A. Lunde, som også var med på jobben.

 

Det var hausten 2011 at montasjen kom på plass i den eine salongen til M/F «Selbjørnsfjord». I løpet av desse åra har mange hatt glede og interesse av å lesa om og sjå bileta om dei mange tysnesingane som markerte seg så sterkt i amerikansk yachtsegling og America`s Cup i perioden 1900-1940. Venelaget har gjennom desse åtte åra fått mange hyggelege tilbakemeldingar på at montasjen og soga om jåttseglarane har gjort lukke.

Når M/F»Selbjørnsfjord» no skal i eit nytt samband, var det naturleg at jåttseglarane får plass i den nye ferja M/F»Kommandøren». Det er her i vårt lokale område dei høyrer heime og har aktualitet. Difor får reisande også i åra som kjem «reisefølgje» av dei staute og dyktige jåttseglarane.

 

Tekst: Hans Ole Dalland