Tysnes Sparebank i Våge. Foto: Tysnesingen.no

8% kundevekst siste 12 månader

Publisert av: May Britt Meland
13/8/2020 18:54

Resultat 2. kvartal og halvårsrapport for Tysnes Sparebank er lagt fram.

Hovudpunkta i halvårsrapporten:

  • Resultat før tap og skatt på 22,2 mill. kr. – ei betring på 2,2 mill.kr. i høve til same tid i 2019
  • Auka tapsavsetjing for å ta høgde for usikkerhet i samband med covid-19 – situasjonen
  • Stor kundevekst – heile 8 % vekst dei siste 12 månader

PRESSEMELDING

Resultat 2. kvartal 2020 for Tysnes Sparebank

Godt driftsresultat i Tysnes Sparebank for 1. halvår

Tysnes Sparebank oppnådde eit halvårsresultat før tap og skatt på 22,2 mill. kroner. Det er 2,2 mill. kr. betre i høve til same tid i 2019.

Det er sett av til tap 8,6 mill.kr. Størsteparten av dette er avsetjingar for å ta høgde for mogelege framtidige tap som fylgje av den uroa som er i økonomien i den tida vi er inne i.

Banken har gått over til ny rekneskapstandard frå inneverande år, noko som mellom anna medfører at avsetningar til mogelege framtidige tap vert auka.

«Vi er nøgde med den underliggjande utviklinga i banken, resultatet har betra seg godt samanlikna med første halvår i fjor» seier banksjef Dag Sandstå.

 

God vekst 1. halvår

Banken har stor pågang av nye privatkundar. Veksten dei siste 12 månadene er på heile 8 %, mesteparten av veksten kjem frå vekst i personkundemarknaden.

Det er mange kundar som er opptekne av renta på bustadlånet. Tysnes Sparebank er den nære og lokale banken som finn gode løysingar for kundane. Dette konseptet er meir populært enn nokon gong.

 

Covid-19 situasjonen – forventningar framover

Banken vurderer situasjonen i samband med Covid-19 viruset som usikker. Det er fleire verksemder som har fått støtte frå dei offentlege tiltakspakkane kombinert med tiltak frå banken. Dette har vore med å hjelpe verksemdene i den første fasen av krisa.

«Vi vil nok ikkje sjå den endelege effekten av covid-19 situasjonen før vi kjem utpå nyåret i 2021» uttaler banksjef Dag Sandstå.