Publisert av:
26/11/2014 12:53
Stor auke i handel
Fyrste halvår av 2014 vart det på Tysnes handla for kr 26412 per innbyggjar, noko som er ei auke på kr 2925 frå i fjor. Dette utgjer ei auke på 12,5%.
Berre Radøy hadde større auke med 13,6%. Osterøy med ei auke på 11,9% har tredje største auke i detaljhandel.
I statistikken frå SSB er det teke med handel i butikkar, øvrig detaljhandel og innanlandsk netthandel, det er ikkje teke med sal av motorkjøretøy eller varer på bensinstasjonar.
Om vi ser på nokre av nabokommunane våre, er tala slik:
| 1.halvår 2014 | Endring (kr) | Utvikling (%) | |
| Tysnes | 26412 | 2925 | 12,5 |
| Fusa | 19229 | 1413 | 7,9 |
| Kvinnherad | 29521 | 1639 | 5,9 |
| Stord | 40998 | 2200 | 5,7 |
| Bømlo | 26443 | 1077 | 4,2 |
| Os | 31824 | 1002 | 3,3 |
| Fitjar | 22992 | 541 | 2,4 |
Sjølv om mange kommunar slit med handelslekkasje, vil andre kommunar med mange hytter eller turistmål kome høgt på listene.
Heile tabellen med oversikt over kommunane i Hordaland samt fleire detaljar om statistikken, finn du i artikkelen på bygdanytt.no.