Brannbilen på besøk på Onarheim Foto: Marianne Tvedt

Markerte brannvernveka med barnehagebesøk

Publisert av: May Britt Meland
20/9/2019 20:07

Dagen før “Open brannstasjon” i Eredalen tok brannbilen frå Tysnes brann og redning turen til Onarheim barnehage. Denne veka er den den nasjonale brannvernveka og tusenvis av barn får opplæring i branntryggleik.

Marianne Tvedt, styrar i Onarheim barnehage, fortel at alle som ville fekk sitje inni brannbilen. Dette var stor stas, og det vart mange store auger og stolte smil.

Ungane synast det var spennande med ein så stor og flott brannbil. -Og så fekk me spyle med brannslagen, og den spylte høgt og langt, fortel dei begeistra borna.

På bildet under ser ein Kine Helgesen Skorpen i aksjon saman med brannmann Geir-Kenneth Tvedt.

Foto: Marianne Tvedt