Sherpaene i full sving.

Stor aktivitet med sherpastien

Publisert av: May Britt Meland
30/9/2022 14:18

Venelaget Tysnessåto fortel at det er stor stas å kunna visa fram dei første bileta frå byggetrinn 1 av prosjekt sherpasti til Tysnessåto.

Seks dyktige sherpaer gjekk ivrig til verks måndag 19. september, og har fått gjort imponerande mykje på kort tid. Bileta får tala for seg!

 

Ei fin bru er alt komen på plass i eit område der det er mykje vassføring.

Om de følger med på Facebook sida Venelaget Tysnessåto vil de framover få sjå oppdatering om arbeidet!

 

I tillegg til stein som allereie ligg langs stien, vert det brukt fleire hundre tonn frå Granvin Stein AS.

Dei som vil gå til Tysnessåto bes t.o.m veke 42 om å velja andre ruter til toppen, ettersom det pågår mykje flytting av stein med helikopter.

 

 

Airlift gjer ein viktig jobb for prosjektet i desse dagar.

 

 

Big-bags med stein langs stien.

Venelaget Tysnessåto gler seg stort til å sjå utviklinga i prosjektet framover, og håpar du gjer det same!

 

Tekst og foto gjengitt med tillatelse frå Venelaget Tysnessåto.