Kva meiner du om kutt i ferjeavgangar og auka reisekostnad?

Publisert av: Vegard Aslaksen
22/9/2018 07:58

4. Oktober blir det folkemøte om konsekvensar for Tysnessamfunnet med ny ferjedrift. I den forbindelse handlar ny “Di meining” om nettopp dette temaet.

Fleire ordførarar, inkludert vår eigen, gjekk i forrige månad hardt ut og kritiserte den planlagte fergedrifta i framtida. I Bergens Tidene 20. August kunne ein mellom anna lesa følgjande; Kutt i avganger, høyere priser og lavere bemanning kan bli den nye hverdagen for fylkets ferger. – Hordaland fylkeskommune har vist seg å være uskikket til å drifte ferger, mener ordfører Kåre Martin Kleppe.

Leiar av Tysnes Pendlarforum, Bjarte Erstad,  har teke initiativ til folkemøtet der fleire representantar frå fylkeskommunen vil vera representert. Les programmet for møtet her.

Me vonar denne saka engasjerer mange og håpar difor at du fortel oss “di meining” på framsida på Tysnesingen.

I forrige “Di meining” var spørsmålstillinga kva lesarane tenkjer om at sumaren er på hell.
Svaralternativet “snart startar den fine hausttida” fekk flest stemmer tett fulgt av “eg sku så absolutt hatt ei veka ferie til”. Trass i at hauststormane no herjar, kan me nok historisk sett sjå fram til ei fin hausttid her på Tysnes. Så kanskje ein skal unna seg ein liten haustferie no når stormen har stilna?