Publisert av:
15/10/2009 09:30
Stølsbua på plass
Tysdag var det bestilt helikopter frå Reiso til Gjerstadstølen.
For på Reiso stod byggjsettet til Tore Økland si stølsbu klar. I luftige svev for helikopteret med golv, veggar og hems til Gjerstadstølen.
– Onsdag var det tur for det 2,2 tonn tunge taket med eit noko større helikopter, fortel Tore til Tysnesingen. – Kunne dette gå bra? På ti minutt var det heile gjort!
– Heilt rått, sa Lars Atle Aase hos Andersland Bygg. Dette var det største han hadde opplevd i denne bransjen.
Bilete: Tore Økland