Romjulstur med Tysnes turlag

Publisert av: May Britt Meland
1/1/2023 00:14

Torsdag 29. desember var det romjulstur i Lunde med Tysnes Turlag. Turløypa var ein rundtur frå Lunde senter via Gjersmyro til Økland og så tilbake til Lunde senter.

Turlaget fortel at det ikkje var mange som såg syn med det dårlege turværet torsdags føremiddag. Men dei to turleiarane fekk med seg tre turgåarar på turen.

-Ein svipptur bortom den buldrande Bakkafossen vart det også, før medbrakt kaffi og julekake blei innteke i Kulturstovo. Regn og sur vind innbaud ikkje til utandørs pause.

Foto: Tysnes Turlag